Internt referansenummer:B-000022
Kilde:
Segner – Gåter – Folketru Frå Nordmør
Av: Edvard Langset
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 61
OSLO 1948
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Edvard Langset

Mannen med kvennhuset


Det va eingong ein mann så ha eit kvennhus. Der heldt fossegrimen så te at folk kunn ikkje ferdast om natta.

Men så va det ein mann så vart så opprådd at 'n kom åt kalla så ått kvennhuse, å spor 'n om 'n ikkje kunn få mala i husa likevel. Jau, det kunn 'n nå få lov te, når 'n berre ville ta våje sjøl. Å det lova 'n ut at 'n skull gjer. Så va det ei gruv i kvennhusa. Å så tok 'n med se grytå si med tjærrå ti, å sett på gruvå å koka opp.

Da det lei på lite grann, så kom det eit støgt gap bort i døra. Det va så stort at nerkjeften va nedpå dørstokkja å overkjeften oppå kanta på døråningja. Å så spor 'n med slikt eit grovt, støgt mål om 'n ha sett så stort gap for.

Men kallen svarra ikkje; så tok 'n både gryta å tjerrå å kila bort i gape på 'n.

«Ha du kjennt det så brennanes heitt før, du?», sa 'n.

Å frå di ti'n såg dem alder nå meir te fossegrima der borti kvennhusa. 

(Frei)

Fortalt til Edvard Langset den 20. mai 1916. Martin S. Lyngstad; høyrt det av far sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *