Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Mannen og tusspengane.

Under garden Moan i Støren var det ein husmannsplass som var kalla Moagjerdet. Det er ikkje langt frå heradsgrensa mellom Støren og Soknedal. For denne husmannen var det ofte nokså smått. Serleg vanskeleg var det for han om våren og sommaren, men når hausten kom med ruskver og mørke, retta det straks opp for han. Han tok ut i mørke, stormfulle haustnatta og kom heim att med sølv så han var berga ei tid frametter.

Kvar han fekk pengesne frå var det ingen som visste så sikkert, men det vart sagt mann og mann i mellom at han var til venene sine i Tussgarden i Søbergshøgda. Dit kunne han ikkje koma utan det var retteleg styggver og mørkt. Det var ingen som måtte sjå kvan han gjekk.

Tussgarden i Søbergshøgda var mykje omtala. Folk som for der tidleg om våren, hørte ofte kubjella, og dei fekk ein skimt av buskapen òg. Det var store, gilde og feite dyr som det ikkje fanst maken til andre stader.

Ein har hørt gjeti at einskilde bønder gjerne ville få parra kyrne sine med oksen frå tussgarden, men dette lukkast aldri, enda dei jaga kyrne sine bort i lendet kring tussgarden når dei hadde øksenku.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *