Internt referansenummer: 15.03.16 – Bok
Kilde:
Eventyr og Segner
Barnerim, ordtak og gåter
Folkeminne frå Salten II
Av: Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 54
OSLO 1944

Mannen som fekk ein av åkrane sine nedtrakka

(Vatnbygda, Fauske)

Det var ein gong ein mann som hadde stor jord og mange store åkrar. Men kvar jonsoknatt vart han ute for det ein av åkrane hans vart nedtrakka. Til slutt vart mannen både arg og lei for dette; så sette han seg føre han ville ha greie på kven som for og la åkeren hans øyde kvart bidige år.

Han hadde tre søner, denne mannen; dei to eldste var store og ferme og mykje føre seg på alle vis, men yngstekaren var som eit pysselting, så han var lite akta, serleg av brørne.

Så ein jonsokaftan tinga faren på med den eldste av sønene om å få han til å sitja vakt ved åkeren. Glunten gav seg i veg; men då han hadde vore der ei økt, tok han til å kjenna seg trøytt, og best det var, sat han med haka mot bringa og sov. Frampå morgonparten vakna han opp att; men då låg åkeren der så vel nedtrødd det vistest ikkje grønt strå etter. Så for glunten sløngande heim, han var noko kurnasa, skjønar du, sidan han hadde sovna ifrå alt.

Faren spurde glunten om han hadde sett noko.

«Då det lei på, vart eg så trøytt eg vann ikkje halda meg vaken,» sa han, «og alt med eg sov, hadde noko vore i åkeren og trakka svart.»

Året etter sette faren den nesteldste sonen til vaktar. Ja, glunten gav seg utetter til åkeren; men då han hadde sete der ei tid, var han åt og kjenna seg så sovnåt, og best det var, sat han med haka til bringa og sov. Men då han vakna att frampå morgonsida, låg åkeren der nedtrødd, det vistest som det hadde fare båe plog og harv over. Glunten tusla no heim, du veit han var ikkje vidare kjepphøg der han gjekk, sidan han hadde skilt seg så ringt med arbeidet.

Så spurde faren om han hadde vorte vis noko om natta.

«Då eg hadde sete ei tid, vart eg så forgale trøytt så eg sovna ifrå alt,» sa glunten, «og innan eg vakna, var åkeren nedtrødd, han.»

Tredje året sa yngstekaren seg til å vera vaktar.

«Det kan du no alltid få,» sa faren, «men eg, ankar på det kjem til å gang deg som det gjekk brørne dine, du sovnar berre, av.» Men glunten var innetreven på sitt, han sa han hadde no mot å prøva. Dermed gav han seg til åkeren. Ja, då han hadde vore der eit tak, tok han til å kjenna seg så trøytt. Men han hadde teke med seg eit lite arbeid, kva det no kunne vera, og dentid svevnen ville ta overtak, fann han fram dette arbeidet og sat mòla med det. På det viset vann han halda seg vaken.

Ved midnattstider, merka han slik underleg susing i lufta, og då han skulle sjå til, kom det tre kvite svaner flygånde og slo seg ned attmed ein av åkrane. Glunten sat kurende still så han ikkje skulle skræma fuglane. Best det var, ranga svanene av seg fuglehamen, og så skaptest dei om til tre pene jomfruer. Glunten vart no så opp i undring det var på det siste han ikkje ropa over seg. Dei tre jomfruene stemnde åt åkeren; der gav dei seg til å hoppa og dansa att og fram. Men alt med dei herska på dette viset, kraup glunten bortetter vollen og tok ein av fjørhamane.

Jomfruene styra no vekk i åkeren, til det ikkje vistest grønt strå der dei hadde fare. Då gav dei opp og gjekk tilbake til fjørhamane; men det var liggjande berre to der, veit du; og ho som vart fri, tok på og leita. Dei to andre hjelptest til, men då det ikkje lykkast for dei å finna noko, gav dei tapt. Dei som hadde sine hamar, kledde dei på seg, og med eitt vart dei til svaner og flaug bort. Ho som var vorten av med hamen, tok på att og leita; ho var så forbalt ho var på gråten. Alt medan gav glunten seg til kjenne.

«Det er nok eg som har teke fjørhamen,» sa han.

«Då må du gje meg han att,» bad jomfrua. «Eg kjem meg ikkje her ifrå minder eg har han.» Og så fortalde ho kor dette høvde til. «Dei to som kom seg unna, er systerne mine. Eg er den yngste av oss,» sa ho. «Vi er prinsesser og er buande i eit land som heiter det kvite moland, langt, langt borte.»

Men glunten sa han var ikkje noko mota på å la prinsessa få att fjørhamen. «Kan du ikkje heller gje deg av her hos meg,» sa han. Og så spurde han om ho ville bli kona hans.

«Det skal eg lova deg,» sa ho. «Men eg kan ikkje gje meg av her no; du må la meg få reisa heim. Men når det lid om eit år, så skal du koma etter til det kvite moland, og då skal eg bli di,» sa prinsessa.

Glunten slo seg til tols med lovnaden; han let frå seg fjørhamen, og fyrst prinsessa hadde teke han på, vart ho til ei kvit svane og flaug bort.

Då glunten kom heim og faren spurde etter kor det hadde gått han om natta, så gav han seg ikkje om å gje noko visst svar på det. Men åkeren låg der svarttrødd, og då brørne fekk sjå det, så trudde dei at yngstebroren òg hadde sete sovande ute om natta.

Då det lei til den tid glunten skulle av og leita opp prinsessa, sa han seg til å reisa heimanav. Men no hadde ikkje ho sagt han føre kor han skulle finna fram til det kvite moland, så han visste korkje veg eller lei, som det heiter. Men han leit på det måtte bli ei råd å spørja seg føre, og så gav han seg til reisa på vona.

Han fór no både langt og lenge, og alle han møtte, spurde han etter vegen, men ingen visste gje svar på det. Så sette han frami to resar som stod og slost.

«Kva er det de har vorte ustelte om?» spurde han.

«Vi dregst om farsarven vår,» sa resane; «men no skal du skifta han mellom oss.»

«Det må vel bli ei råd med det. Men kva er det de har arva då?»

«To trafsar,» svara resane, «og desse trafsane er slik, når ein får dei på seg og seier: Hundre mil i kvart steg! så ber det hundre mil i veg for kvar gong ein ber foten fram.»

Det måtte vera noko for meg som har langt å reisa, tenkte glunten, og så sa han: «Eg kunne ha mot å prøva desse trafsane innan eg avgjer kven som skal bli eigar av dei.» Ja, det skulle han få. Men fyrst glunten var komn i trafsane, sa han: «Hundre mil i kvart steg!» Og borte var han før resane fekk sukk for seg.

Glunten syntest det bar snopt i veg, no han hadde fått så gildt på føtene. Men då han hadde fare på dette viset eit tak, hundre mil i kvart steg, så sette han frami to resar som gav på og slost.

«Kva er det de har vorte så ustelte om?» spurde han.

«Vi dregst om farsarven vår,» sa resane; «men no skal du dela han åt oss.»

«Ja, det kan eg alltid gjera,» sa glunten. «Kva er det de har arva då?»

«Ein hatt,» svara dei; «og denne hatten er slik laga, fyrst nokon får han på seg, vert han usynleg.»

Det kunne vera noko for meg, det, tenkte glunten. Men så sa han: «Eg har mot å prøva hatten innan eg avgjer kven som skal ha han.» Det skulle han få, sa resane, og let han få hatten.

«Hundre mil i kvart steg!» sa glunten. Og det var det siste resane såg både han og hatten.

Då han hadde reist langt og lenge, sette han ein gong til frami to resar som bråka og slost.

«Kva er det de har vorte ustelte om då?» spurde glunten. «Vi dregst om farsarven vår,» sa resane; «men no vil vi ha deg til å dela mellom oss.»

«Ja, det kan eg gjerne gjera,» sa glunten. Så spurde han kva dei hadde arva.

«Ein stav,» sa dei. Og denne staven var såleis laga, sa dei, fyrst ein peka med han mot noko levande, så ville det liggja daudt i same blunken. Men om ein vende andre enden av staven mot, så levna det opp att.

Eg kunne havt ein slik ein, eg, tenkte glunten. Så spurde han om han kunne få sjå staven urlite innan han gjorde av kven som skulle ha han til eige.

Det skulle han få, sa resane. Men fyrst glunten hadde fått den i handa, peka han mot resane med den enden av staven som gjorde daudt; dermed fekk dei støyten, så dei trilla over og låg klar.

No hadde glunten både trafsane, hatten og staven; han syntes no han var bra uthyra. «Hundre mil i kvart steg!» sa han, og så bar det i veg så det berre kysta etter. På det viset

heldt han no ferda fram både langt og lenge, til han sistpå kom åt ein kongsgard. Der, stussa han på, for han attleta no på han var frame. Ja, glunten spurde seg føre, og så fekk han vita at han var i det kvite moland. Så tala han om det han hadde til ærend, og spurde etter den yngste prinsessa. Ho var å finna oppe på romet sitt, ho, fekk han til svar. Glunten tenkte det var best å koma seg usedd til slottet; han visste ikkje kor han kom til å bli fagna der, veit du. Så kledde han resehatten på innan han la i veg. Fyrst han var innom døra til prinsessa, snugga han hatten av hovudet og tedde seg fram.

«Ja, her har du meg,» sa glunten, og så minte han prinsessa om lovnaden ho hadde gjeve då dei skildest utmed åkeren til far hans. Prinsessa vart glad då ho fekk sjå han att. Men alt med dei talast ved, fortalde ho at dei hadde fått ufred i landet. Og far hennar hadde samla all si hermakt og fare mot fienden. Då glunten fekk høyra det, sa han: «Det er gjerne det beste eg gje meg i lag med då.» Dermed sette han av åt slagmarka.

Innan han nådde fram, var det i full gang der. Han tok no resehatten på seg, dermed var han usynleg, og så stelte han seg mellom dei fremste i heren. Han vende no resestaven mot fienden; då tok dei til å missa så mykje folk der. Dei skjøna det måtte vera eitslag trollskap med i spelet, og dei som enno var i live, dreiv våpna og tok hyven.

Då fienden var unna, vende glunten andre enden av staven til og fekk liv att i dei som var fallne i den heren han var med. Og då alle var komne på fote, tenkte han det kunne vera på tide å gje seg til kjenne, tok så hatten av seg. Det gjekk ikkje lang stunda før det spurdest kven som hadde gjort åt med fienden, og glunten vart førd til kongsgarden med stor stas. Der heldt no kongen gilde for folket sitt. Alt med det stod på, tok dei seg mot føre, glunten og prinsessa; dei steig fram for kongen og sa dei hadde lova seg åt einannan. Då kongen fekk høyra at glunten var på friarveg, vart det ja med ein gong.

Og då dei hadde fått styra i stand til bryllaupet, vart det tura både vel og lenge. Dei heldt det gangande i sju år, sju månader og sju dagar, og endå var det ein liten dag attpå.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.