Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

 

Mannen sto

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Rosback-Per og Rosback-Marja var søsken. Dei budde på Røros, men var av svensk ætt. Begge kunne meir enn folk til vanleg, og serleg ho var vidkjend for kunnskap om rådgjerder mot sjukdomar både på folk og dyr. Enno lever soger om det dei to kunne hamla opp med, og eldre folk kan fortelja det mest forvitnelege etter dei to.

Dette søskenparet farta mykje rundt i bygdene med småhandel. Om vinteren drog dei varene på kjelke.

Ein vinter kom dei innom på eit stelle i Os. Kjelken sette dei att nedpå vegen med dei var inne i stova til Tyldøls-Ingrid. Dei bruka kvila på hjå henne og gav seg god tid med kaffe og mat.

Per og Marja sat attmed bordet da Ingrid såg ut gjennom glaset. Det kom ein kar raklande etter vegen.

Ingrid spurde om dei hadde noko på kjelken som dei var redde for. Ja, for det rak ein tjuv etter vegen. Ho kjende han og visste kva kar han var.

Per og Marja såg på kvarandre. Han sa:

–    ”Har n’ tenkt på slikt så bli n’ ståand der han no står til vi kjem ut og tar kjelkbandet.”

Og mannen sto der som nagla til staden. Han kom korkje att eller fram.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *