Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Marispenane

Marispenane på kviger og kyr set ein ikkje så stor pris på i notida. Men i eldre tider sto dei sers høgt i kurs. Ja det var så mykje om å gjera at ein kalv utan marispenar vart slakta som spekalv om mora var aldri så god ku.

Det knytte seg ymse truer til marispenane. Namnet marispene fortel også noko om dette. Ei gammal kone sa, at marispenane var der for at jomfru Maria skulle få mjølka dei om ho kom framom og var tørst. Denne trua var det som gjorde at folk såg etter marispenar på kalvane. Dei bragte lykke over fjøs og gard.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *