Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om den gongen eg snakka med Guri Grøv

Marit leigdi og huldreungen


Hjå gamle Guri Grøv (f. 24. oktober 1843)


Marit leigdi hadde — medan ho var ung og ikkje gjekk i leigd — stølen sin på Uvdalsstøle nedunder Tyin.

Ein sumar ho var på stølen, kom det te henne ein framandunge. Han gjekk der og snugga, inne og ute, mange dagar, stundom hjå henne Marit og stundom hjå krøteri.

Men ein dag fekk Marit leigdi sjå han hadde ei lang rove.

«Du får tulle innatt rova di, meina e,» sa ho Marit te honom.

Men det skulde nok ikkje ho Marit ha sagt, for då kvarv han burt so fort ho hadde sagt det, og sidan hadde ho ikkje so god lykke med krøteri som før.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *