Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om den gongen eg snakka med Guri Grøv

Marit leigdi steller krøteri åt haugafolk-budeia

Hjå gamle Guri Grøv (f. 24. oktober 1843)


Ein gong gjekk Marit leigdi nordover Dalen. Ho hadde vore heime i bygdi og skulde på stølen te krøteri sine att. Då ho kom nordi Grøndøkke, eller kanskje det var på Varpafløtun – eg skal ikkje seia det so visst — då skreik det so kvelt te henne:

«Vil du helse på støl’n o seia at 'n gamle Mikjel e dø?»

Då ho Marit kom på stølen, tok ho soleis te ords:

«E ven kji antin e ska tia enn tala; men de sa te me heimpå Dale: «Hels på støl’n o sei at 'n Mikjell e dø!»

I det same ho hadde sagt dette, stod det eit kvinnfolk på golvet og spurde so forskræmd:

«Ko e de du seie? E 'n gamle Mikjel dø?»

«Jamen seia dei de at'n e dø,» sa Marit leigdi.

Då seier ho det kvinnfolket:

«Du vil kji vera so indele snille o stelle krøtero mino me e te likfers!»

«Kost ska e stelle dino krøter so e inkji ser? spurde ho Marit. Då svara det te:
«No ska du få sjå dei! No sko dei koma inn i trøe te de!»

So bar det ut. Og då kom det rekkjande so mykje fine kreøter, kyr, sauer og geiter, at ho Marit hadde ikkje set maken. Og so sa framandkjerringi:

«Attåt dine kjøreld stå mine kjøreld. Sila du i eit tå dine kjøreld, so sila du lett i eit tå mine me. Men ner du sila upp, må du kji gjera kross åver kjørelde mine.»

«Du skulde vera mykje her, du!» sa ho Marit. — «De har e kji makt te!» sa haugafolk-kjerringi.

Dermed for ho.

Um fire dagar kom ho att og tok att stellen sin. Då hadde ho med seg ei fin geit, som mjølka som ei kyr. Den fekk ho Marit leigdi for umaken. Sidan hadde ho alltid lykke te alt stellet sitt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *