Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

Maskiner i jordbruket

Slåmaskinen kom i bruk i 1880-åra. Han Johannes Aurland skulle vere den første i bygda (N. Land) som kosta seg maskin. Den var for 2 hestar.

Til Fluberg og Søndre Land kom det slåmaskin ved same tid.

Dei som sat med gardane Rønnes og Setton, kjøpte maskin i lag. Dei tok maskinen over fjorden på ein flåte.

Han som hadde garden Nes, var først ute med å kjøpe hesterive. Det var kring 1870, og første såmaskinen ein veit om, kom til Nordråk i 1880. Same året fikk dei fjørharv på Setton.

Frå gammalt av var det å så ut frøkornet for hand. Laupen som dei hadde kornet i, bar dei etter ei reim som dei smøygde over hovudet. På det viset fikk dei begge armane frie og kunne kaste korn med begge hender. Dei som sådde, brukte ha ein halvvokstring med til å legge halmstrær etter åkeren. Han som sådde, hadde da det å sjå etter under såinga.

Kring 1880 kom første trøskemaskinene for hestevandring i bruk, og kring 10 år etter gikk dei saman alle gardmennene på Vestsida og kjøpte stortrøskar (Fluberg).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *