Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Mat og drikke i Vassbygda…

Ein gong kom det melding til Aurland kommune at ein utsending frå Landbruksdepartementet ville kome til bygda for å sjå på jordbruket. Vedkomande ville gjerne få med seg nokon som kunne vere kjentmann og orientere om tilhøva. Landbrukssjef Jens Lunde tok på seg dette og kommunen visste då at saka var i dei beste hender.

Då utsendingen kom til Aurland, reiste dei to opp i Vassbygda der dei fekk med seg ein bonde som kjentmann. Men Vassbygda er ein stad der flaumvatn og høge fjell har sett sine merkje på landskapet. Store haugar med rullesteinsrøysar og steinmurar tykkjest å øyda alt det som mold heiter i den tronge dalen.

Utsendingen rista på hovudet:

– Folk kan då ikkje livberge seg her, sa han.

Jens Lunde på si side prøvde å utdjupe emnet og sa at desse gardane har tilgjenge på rike beite på alle fjell, der dei har stølane sine.

Bonden uttalte seg også:

– Å jau, me lever godt her i Vassbygdi, me dyrkar humle oppå røysane og kodn innimellom røysane, so då har vi både mat og drikka.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *