Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Mat og fliing åt dei underjordiske

Ein gammalstøyt på Medby, han Kristen Willamso, stod so godt i åt nokre underjordiske som hadde sitt tilhald i Næstbyholmen. Han gjekk ut og inn hos desse når han vilde, han Kristen; og jamt var han hos dei og glødde pipa, og fekk mat og fliing, som eg seier.

Når han sat i med nokon av Rognan um vinterkveldane, so var det ikkje nett um han bad køyrekaren stuss på dentid dei kom i Næstbyholmen. Han hadde eit snarærend av sleden, han, sa han. Og då det leid um ei økt, kom han glyttande or older-skogen. Dampa på pipa og var so gild og fro (Saltdal).

Ei gammaltaus på Støbset hadde og so mykje hopelag med underjordiske.

Fleire sumrar etter einannan var ho til gjætar på Urset. Og når dei var i gjætarskogen, og det var ruskåt ver, vart ho medkvart burte for dei. Men best det var, hadde dei henne hos seg att.

«Ja, no ha e vørr å fått fliing, e.» Og ho vistes so varm og god.

Medkvart dreiv ho med dei andre gjætarane, vilde ha dei med. Ja, dei for og baud seg til; men då det bar i herdinga, var det no ingen som tordest (Skjerstad).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *