Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Måtte flytte fjøset

På ein gard i Hemne var det så uroleg i fjøset. Ei ku vart mjølka enda fjøsdøra var låst. Det vart ymta om tjuvmjølking, men ingen kunne skjøna kven som sto for denne mjølkinga.

Ein kveld var mannen sjøl i fjøset. Han hadde noko arbeid for seg med å vøla ein bås som oksen hadde vore for hard med.

Da sto det ein framandkar framfor han og bad han følgja med seg. Han hadde aldri sett denne karen før, og undra seg stort på kva slag kar dette var.

Visste han ikkje ordet av før dei sto i ei fin stuu. Bordet var duka og han vart beden framåt.

Det var så fint buhave og på bordet var det reint sølv i alt. Mannen skjøna straks kva folk det var, og han ville ikkje smaka noko av maten dei baud. Han drygde ut tida med snakk om ver og vind.

Med eitt tok det til å dura og skvala så rart oppe på loftet. Og så sila det og rann ned på bordet.

Det var reint og dampande kulann.

–    ”Ja no ser du korleis vi har det. Dyra dine landar rett ned på matbordet vårt. Og no ber vi deg som god granne å flytta fjøset til ei tuft der det gamle tørkhuset sto. Du skal aldri angra på det, og hjelp skal det ikkje skorta på.”

Mannen tykte nok at det var ei vond tid å ta fatt på slik vinteren sto for døra, men dagen etter tok han til å grava på nytufta. Og det var synleg at nokon tok tørn om natta. Arbeidet gjekk så fort at det vart tala om det i grannelaget.

Før snøen la for alvor sto fjøset på nytufta, og bonde og haugbu levde fredeleg saman. Hendinga er frå sist på 1700-talet.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *