Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Me held på å fløtta me no.

I sørbygda i Soknedal er det ein gard som heiter Fossen. Garden ligg avleides og einstaka, og det har ikkje budd folk der på eit par mannsaldrar. Mykje av dei gamle husa står enno att på garden, og der i Fossen har tussane vori leie. Det vanta da heller ikkje på anna enn dei både såg og hørte tussane der i gammal tid. Folket som budde der tykte nok at det vart for gali til slutt. Dei rådde seg til å fara frå garden som låg så reint for avleides og einstaka.

Alt rorleg gods vart lasta på vognene. Dyra vart jaga med, og så bar det bort frå Fossen.
På vegen møtte ferdalassa ein mann frå sørbygda. Etter gammal god bygdaskikk vart dei ståande på vegen og tala saman om vind og ver.

Da dei kjørte kvar sin veg att, snudde mannen seg og såg på siste ferdalasset, …og der vart lokket letta opp på ein dall bakerst på vogna. Ein ekte tusskall gløtta fram. Det kvite skjegget fløymde ut over dallbredda, tussen knissa og lo så inderleg godt: Me held på å fløtta me no, sa han og letta lokket nedpå dallen att.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *