Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Med tussfølgje ein grytidleg morgon.

Ola Sæther skulle gå til tømmerhogst på ein av Haukdalsgardane. Det var like før jul og sprettande kaldt. Grytidleg morgon gjekk han frå Saga, ein plass under garden Haukås, der faren var husmann. Det var vindstille og spegelklår himmel. Månen skein så det var mest like ljost som dagen. Han Ola var berre ungguten. Komen over Haukdalsbrua tok han seg ein liten pust før han gjekk vidare. Bergugla tuta kaldt i åsen nord for Brenna.

Det bar opp Haukdalsbakkane. Da han kom vegen oppetter ved den første løa, fekk han sjå ein liten gutpøyk framfor seg i vegen. Gutungen gjekk sers smått og vende ansiktet mot vegkanten. Han Ola nådde snart opp ved sia av guten og gjekk framom. Guten vende ikkje på hovudet ein gong. Komen framom tenkte han Ola at det var underleg med ein liten gutunge her så tidleg på morgonen. Han vende seg og såg etter guten, men da var han borte — sokken i jorda. Andre stader kunne han ikkje ha komi. Det var oversiktleg veg, og månen lyste så natta var dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *