Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

Medby-trollkjerringa

 

Langt atti tida var det ei trollkjerring på Medby (Saltdal). Denne kunde noko av kvart.

På hausten brukte ho kjøpa 7 spekesildar; dei var 7 menneske ved bordet, so det var ei til kvar. Men då sildane vart fram-lagd, påla ho folket å akta seg so dei ikkje skar hovuda av sildane eller skadde ryggene på noko vis. Dentid dei var ferdig å eta, samla ho ryggene og trædde dei innpuinn raftallen på stua; der hadde ho dei liggjande til dei næste dag skulde ha sild og syrsupe; då kom ho på bordet med 7 heile sildar.

So ein dag tok drengen for spekakkel og skar hovudet av si sild. Men dagen etter vart det berre 6 framlagd; og drengen kom til å bli fri for sild resten av vinteren.

Ja, ho for med mange kunster, denne Medby-trollkjerringa.

Ein av prestane kom i skyss utantil fjorden. Og då dei var komne innåt Skipmannviklandet, vart presten vare ein kvinneskapnad, som sat på ein kvernstein og fiska. Presten peka no ditett, og spurde um skysskarane såg. Dei visste inkje å sjå noko; men dei hadde i det siste sete og glytta etter ein skyssbåt lenger uti fjorden, sa dei. Denne visste ikkje presten å bli vare. Soleis kom dei til å bli i villreide, kvar på sin måte. Men presten hadde det i seg kven dette kvinnfolket munde vera. So bad han karane ro på. Det gjaldt å koma seg fyrst i land her, sa han; for vann ho åt dei, kom ho til å set landvinden på dei. Det klaffa til. Då dei var motes i Rognfjøra, hadde dei fyrste vindkastet over seg. Og før båten var uppsett, gjekk fjorden kvit utetter.

Presten strauk no beine vegen til Medby, åt kjerringa. Ja, då han hadde sete ei økt, baud ho han på mat. Men presten let so han var ikkje trøngjen um noko just då; det kunde einast vera um ho hadde ferskfisk, sa han. So koka ho fiskegryte.

Men det var sant; han gjorde det uråd for henne å fiska på kvernsteinen fleire gonger. Kor han no meir hadde bore seg åt.

Ho besta tala um ei til trollkjerring; ho fiska sild i høystålet.

Tenestfolket gjekk og undrast på kor det høvde til med maten der i huset; dei fekk fersksild i einingen utan so dei visste kor den var komen ditett. Det var ein av drengene som fyrst kom under ver med dette; han hadde havt som ein mistanke til matmora lenge, men hadde ikkje sagt noko.

So ein dag lura han seg etter henne då ho for i sjågen. Ja, ho leita fram snøret, og gjorde fast ein silderygg i enden. So stelte ho seg fram på kanten av stålet. Og her bar til; ho hemsa upp sild i einingen, alt med ho vann. Glunten var komen seg til i ein glugge, stod der og glytta. Då det leid av ei økt, la han til: «Herett skuld du vel snart ha koking, veit e.»

Men det vart siste gongen ho fekk sild i høystålet.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *