Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Medelen hans Tjoika-Joa

Han Tjoika-Joa flytte på sine gamle dagar til Ballangen.

Han skulde ha ein grøde med pengar, er det sagt. I alt var han fem turar aust til Sverike og frakta hit av medelen sin. Pengane hadde han i koparkjelar; og dei var fem i talet. Desse skal han ha gøymt i Håfjellet.

Den siste vinteren han levde, var han reisande aust for å ta over resten. Men han vann seg aldri meir hit; han vart klein, og lagdest på si siste lege.

På det siste han levde, skulde han forklara seg for kjerringa, kvar pengane i Håfjellet var å finna. Men han Joa var då alt so ussel han vann ikkje å få slag i orda.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *