Internt referansenummer: 01.10.2010-A

Kilde:
GJØMT, MEN IKKJE GLEMT- DET HENDE I EI TRØNDERBYGD
Av:
Sturla Brørs
Utgjeve og prenta av:
Rune Forlag, Trondheim 1980
ISBN 523-0230-0

Mekal snekkar

Han Mekal snekkar hadde ein liten husmannsplass på Tinglem som heitte Langbakken. Og elles så var han ein flink snikkar. Og så var han sterk — ja, det skjønar du når du høyrer dette:

Han var høylaus ein vår, og i grannelaget var det ikkje høy å få, og han hadde 2 kyr og 4 sauer å fø. Det var i verste vårbløyta, men han tok handvogna si ein morgon og la i veg sørover. Og i ein gard bortmed Steinkjer fekk han verkeleg høy på vogna si. Og så drog han i veg heimover. Same dagen. Og heim kom han. Det vart nær på 8 mil på ein dag, med handvogn og høylass — i vårbløyta og med dårlege vegar. Gjorde han ikkje da rett for eit minneord?

Ære og lønn fekk han elles ikkje med han levde. Da han og ho Ane vart gamle, ville jordeigaren leggje plassen inn i garden — det var ikkje så rart, det var berre ein liten gard. Men husmannsfolket ville ikkje flytte ut or stua. «Da reiv dei taket over hovudet hennar Ane ein dag ho sat og spann.» — Ja, så er det sagt. Evna til å arbeide i tre må vel ha gått i arv til sonen hans Mekal — det er han som har gjort det skipet som heng i Åskyrkja — han var sjømann. Han har sett denne innskrifta på skipet:

Ole Andreas er mit navn,
Gud før mig til den rette havn!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *