Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Men aust i Bokkhågen var eg eingong uti ein spassasi…

 

Men aust i Bokkhågen var eg eingong uti ein spassasi.

Eg og han Abraham Jonso bala med reinen der. So var det to som hadde gått seg i eit jordhol, og låg der klar. Ja, vi fekk reinane upp, og so bar det til å legg i holet. Men alt medan dette stod av, var det noko som tok til å gjera mål attmed oss. Han Abraham fekk no stokken i seg med det same, og vilde med all makt derifrå, han var ikkje meir dristig. Eg meinte på det vi kunde sjå i urlite innan. Men han var so uppgjor han treiv børsa og strauk.

«E ska ly de dainne gonga,» sa eg. For det var ein laurdagskveld dette, og det er ikkje fagna å arbeida mot helga slik, veit du. Vi for då vår veg.

Men straks måndagen var vi baker. Skulde få i holet. Men vi var ikkje før komne dit, før det skar i kolli med same kalde målet. Og no fekk vi høyra det som meir var; dette uvesenet let oss få enno ei vitring.

«Ehben galk doi bekjemmar rav adnet dan berra!» ropa det. De skal ikkje ha nokor omsorg for dette.

Eg må saktens minnest det, kvart det ord. Og no fekk vi då forstand på det vi hadde ikkje meir der å gjera. Vi let holet vera og for (Saltdal).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *