Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Mest som rett folk

Ei kone i Glåmos fortel om ein bymann som bruka feriera i Rørosfjella i mange år. Han var sers interessert i å fiska og han kjende fiskestadene i alle fjellvatna og fjellbekkane.

No hende det ofte at snakket kom inn på underjordingar og hulder. Han hørte også at dei kunne låna bruksting av bufast folk. Men han lo berre av slikt.

Så ein sommardag kom han frå fjellet meir alvorleg enn han bruka vera.

–    ”Nå må eg nok tru likevel, sa han,”

og fortalde at med han heldt på å ordna stonga og snella attmed eit fiskevatn, datt snella ned for han. Det var slett grasvold der og han hørte dunket da snella datt. Han leita og leita, men snella var søkkt borte på slette marka.

–    ”Nokon hadde lånt ho og glømt å levera ho attende – mest som rett folk,”

sa ho som fortalde.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *