Kilde
GAMLE HERMENNAR FRÅ TELEMORK
Av Kjetil A. Flatin
Lokalhistorisk Forlag 1991
(Nå overtatt av www.bokloftet.no)
Denne utgåva er eit fotografisk opptrykk av
Oluf Rasmussens Boktrykkeris utgåve frå 1913.
ISBN 82-7404-056-2
Du kan lese forordet til boka her.

Mikkel Ullsnes

Mikkel Ullsnes, bror til Eirik Øvland, var au med ved Kjølberg bru. Hån fortalde, at det kom ei lekkjekule og tok sidemannen hans yvi bringa og sleit honom heiltupp av.

Mikkel var ein uryggjeleg stor og sterk kar og hadde eit sers godt hovud. Paa OVASTRAUM i Flaabygd budde ein sersjant i denne tidi. Han var fælt so narrevorin og kaut paa det. Ovastraum totte han var for simpelt aa kalla seg og so vreid han dei um og kalla seg STRØM. Eingong vilde han gjeipe seg med Mikkel og bad han gjera eit vers paa standande fot. Mikkel stod ei stund og ikkje svara, so hadde han rime ferdigt:

”Seder æ ett tre, og ”strøm” æ i vatn.
Du æ ett narr ifraa solen te haten.”

Mikkel drukna saman med tvo andre utanfyre ei bryggje i Flaabygd. Dei heldt paa aa draga inn ei praamlanning med mjøl og bruka eit vindekran til detta. So slepte ein av dei sveivi, og ho gjekk attende so eldande fort, tok tak i klædi deira og slengde alle tri uti fjorden. Det var um kvelden, drukne var dei au, og alle tri strauk med.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *