Kilde:
Storflåmen 1938
og andre minner frå
Vågå, Bræbygden og Heidal
Jørgen Espelund

Dølaringen Boklag 1988

Historien er gjengitt etter
pesialavtale med
Jørgen Espelund

Minnedagbok – 1901

1860 va ofte nemnt som året med storflåm, men det kunne ikkje ha vore særleg store skader her i bygden. Det einaste eg kjøm i hog ha vore fortalt, va at kjellaren stod full med vatn på Skinnstadøyen, eit longe sia nedlagt bruk nordafor Storøygardsbrud.

Mykje oftare va nemnt eit år som kjøm nærare hell båe desse to: 1901. Varmsommaren, sa di gamle. Det va motsetningjd åt både kaldsommar og regnsommar, med berre varme og turke frå tidleg vår te sein haust.

I Bøverdalé skulle det bli modent kønn andre gongen det året. Det er nok heller ikkje så utruleg, der døm vatna heile sommaren.

Her i bygden va det da umvendt mot 1812: Det kunne ikkje bli rart med kønn anna enn på rålendte og kaldbotta flekkjer.

I nørdre Ro var åkeren så stutt at døm berre plukka og batt med viukvister. Jordd på åkrom va så turr og Laus som ein oskehaug. Ein dag da han Sjugurd Ro skulle kjøre inn någå tå di tufserid som va, kom det endeleg någre regndråpå. Da saud det i jorden som når vatnet held på å koke upp i ei gryte. Da va jorde så tyrst som det gjekk an å bli.

Slik fortalde Tobias Dalen, født på 1850-tallet: «Det va raudt som ein rev eille sta’n. Nurdi gardom begynte døm å slå det vetle som va lengje firi Sankthans. Det va berre um å gjeran å tå det før det brann tå.»

Ja, det kunne ikkje bli rart å leva tå korkje for folk hell dyr, vassløyse som det vart. På Espesætrom begynte krytyrd å gå heilt nedåt elven for å finne vatn. Dette fortalde ho gamle Mari Haugen, som va budeie der uppå da.

Sjugurdsæterbekken ha vore rekna for sikraste vassård i solsidun. Um han va heilt turr, ha ikkje vore nemnt, men det va Gjelebekken, lenger sø i Øverbygden. Siste stellet der i grend’n det fanst ein vasskvett å finne, va i nørdre Vetlespe. Um hausten ha det samla seg ein heil hop der for å prøve å få tak i lite grann te matvatn i det minste. Døm ha da grave i botten og venta på at det skulle sige atti att lite. Han Knut Ospen va med blant døm. Brått vart han lei heile greia, kasta seg umkring og sa: «Når nøden er størst, er hjelpen nærmest, ha ha ha.» Han hadde for vane å slå upp ein kaldskratt når någå va riktogt omogleg.

Det rare va at natte etterpå kom det regn for ålvor, så det vart ei råd med vatn både åt folk og dyr. Han Ola Hansen Hjellet, Gammelgjelin, oss kalla, va sjølv med, og har fortalt um dette. Han va forteljaren framfor nugun a’n, og det er mykjy han å takke for at mange ting frå gamle dågå ha vorte bevart på folkemunne der i grend’n.

Minnefoto frå nere Heidal. Billedet er frå pålag år 1900, og er sikkert teke frå ein veranda i andre høgden på det som den gongen heitte Heidal hotel. Rett fram ser ein uppistugu Faukstad, og litt av sygard. I vinstre kant litt av ein låve på det gamle nord-Faukstad. Lenger fram Horgje, og upp frå der søre delen av øverbygden. At det er rå på åkrom fortel at billedet er frå ei forgangen tid. Uthusa ein ser på uppistugun brann ned i året 1962.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *