Kilde:
Storflåmen 1938
og andre minner frå
Vågå, Bræbygden og Heidal
Jørgen Espelund

Dølaringen Boklag 1988

Historien er gjengitt etter
pesialavtale med
Jørgen Espelund

Minnedagbok – 1902

Denne sommaren va umtålå som både rå og kald. Enten over lag eller ingenting, ha det vore sagt. Våren va så god at det tegna meire enn fint.

Knut K. Vole, son åt honom som bygde Juvasshytta, kjørde ferdlass frå Otta stasjon den 8. mai det året. Da va lauvet alt sprutte i alle lier, heilt te fjells, og gauken gol så det berre ljoma.

Han Petter ø. Stubrud frå nere Heidal, født 1891, va gjætargut i Åsengsætrom på Murudal. Døm fløtte dit 22. mai, og da va det vakse lauv og høge graset overalt. Herlegheité vårå ikkje lengje. Etter Sankthans vart det berre surt og kaldt, og mykjy regn.

Nettupp slike som gjætte, fekk kjenne dette på kroppen. Døm vart våte og fraus ofte meir enn nugun a’n.

På ei a’n side kunne ein slik sommar gje god avdrått. Ein god «busåmår», sa di gamle. Det kunne likevel vera bra hamn i slike råe og kjølege somrer. Krytyrë gjekk rolegare, og slapp å fluge frå flugu og klegg. Skjena, som døm sa før. Eit gåmålt ordtak um folk som er seige i avtrekket, va dette: Han rir ikkje den dagen han salar. Ein heidøl sa dette i ein a’n versjon: «Ja, det er nå eit seigt folkety uppi der, døm skjena ikkje den dagen døm slær upp rompa!»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *