Kilde:
Storflåmen 1938
og andre minner frå
Vågå, Bræbygden og Heidal
Jørgen Espelund

Dølaringen Boklag 1988

Historien er gjengitt etter
pesialavtale med
Jørgen Espelund

Minnedagbok – 1907 – Haglél

Kåless været va gjennomgåande denne sommaren, ha ikkje vore særskilt umtålå, men ei hending ha stått friskt i minne.

Det gjekk eit haglél over bygdin her den sommaren, som ingen visst ha sett maken te, korkje før eller sia. Hagle va store som fuglegg, vart det sagt. Dag eller dato ha ikkje vore nemnt, men det måtte ha vore på haustkanten. Sjølv høyrde eg det direkte tå ein som upplivde oværet.

Det va han Ola Olsen Bekkemellem. Han overdreiv ikkje, men va så lentog og god te fortelja.

«Oss ha ein liten erteråker ni lykkjun, og deinn vart snudd upp ned. Du såg like mykjy rot som topp. Tå eppelgrasom va det att herre snaue stralte.» Da kan ein med ein gong vonast kå det vart te potetavling.

Kønnåkrene vart sli flate og øydelagde. Det vart ikkje eitt kønn om hausten, der det for som verst.
I Hålåsætern ha døm kjøpt såkønn um vintern ett. Døm ha fått det i hus i Ellingsbø innte vidare, og der brann det upp! Ja, slik kunne det ofte gå, det va ikkje nok med ei olykke.

Haglværet gjekk som ei brei stripe over bygdin. Kanskje ikkje så vidt, men tess verre der det kom.
Ho Marit A. Horgen va som ongjente med på ei sæter i Sel den gongen. Det måtte ha vore enten på Mysusætrom hell på Høvringj. Frå der såg døm oværet som an svart vegg. «Oss leit ikkje anna på hell at det va sjølve dommedag som kom.»

Ja, slik upplivde ho dette. Oss i våre dågå kan knapt skjønne kå hardt dette slo ned i folk. Ei øydelagt årsavling kunne bety fattigdommen der det va smått frå før.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *