Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Miste målet etter hærtur.

Eit anna døme frå Støren har ein frå langt attende. Det var også ei ung jente det gjekk ut over. Om det var tussar eller anna trollty ho hadde vori ute for, skal vera lite sikkert. Ho hadde vori på bærtur åleine.

Ut på ettermiddagen kom ho heimatt, men ho hadde ikkje med seg bærspanna. Ho verka så underleg, og ikkje eit ord fekk dei av henne. Mora ana at noko var gali fatt. Ho freista få jenta til å lesa Fadervår, men alt ho freista var til fånyttes. Jenta var stum, og stum vart ho verande all sin dag.

Det var ålmenn gissing at ho hadde vori ute for tussar på bærturen, men ho kunne ikkje seia noko om tilburden.

Gamle folk seier at tussane var verst etter folk med raudt hår. Denne jenta hadde det, og mannen som fortalde om hendinga heldt på at det raude håret nok hadde gjort sitt. Det var morsøster hans som var ute for tussane. Mora snakka ofte om det på sine gamle dagar.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *