Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Mjølkaren måtte fram

På Bukkvollan i Glåmos la dei merke til at mjølka rninka sterkt i kyrne på beitet. Det var for vel 90 år sia. Folket fekk mistanke om at ein tjuvmjølkar var ute og spurde Rosback-Marja.

Ho kom til Bukkvollan, men ho ville ikkje seia kven det var som sto for mjølkinga. I staden tende ho opp ein liten varme av rusk og rask som ho fann på marka. Da ho hadde fått det til å brenna friskt, sette ho seg på huk attmed elden, fann seg ein pinne og gav seg til å røra i eldane. Da kom det ei lita gamle springjande. Di fortare Rosback-Marja rørte di fortare sprang gamla.

Ho kom så nære at dei såg klårt kven det var. Da slutta Rosback-Marja å røra i elden. Straks sto også gamla. Om ei lita stund tok Rosback-Marja til å røra andre vegen. Da snudde gamla og sprang andre vegen dit ho var kome ifrå.

–    ”No ha dokk sett ho sjøl, men jeg ha inte sagt det,” sa Rosback Marja.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *