Internt referansenummer: 03.05.2011 – Bok
Kilde: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal
Av Ånen Årli
Trykk: S. Bern. Hegland A.S. – Flekkefjord november
Illustrasjoner av Kåre Sandvand (“Sandis”)
Klikk her for å lese “Forordet”

Møkebering i Flekkefjord

Livet på garden

 

Det var mange i Kvinesdal som hadde 3 årvisse turar for å tena nokre kroner. Dette var folk som seinare arbeidde seg opp or armoda og blei velståande.

I Flekkefjord var det mange som hadde fjøs og fødde både kyr og sauer. Dei hadde åkrar og slåttemark utanom byen. Det var ingen som hadde sementerte gjødselkjellarar for 100 år sidan, men ofte kunne gjødsla vera så blaut at det rann nedetter ryggen.

Gjødsla måtte dei bera i heimelaga korger, ofte lange vegar. Det krov litt røynsle å tøma ei korg med gjødsel utan å ta ho av ryggen. Dei måtte bøya seg framover og til sides, så rann gjødsla ut. Det røynde på knea opp lange, tunge bakkar med tung bør på ryggen.

Dei kunne ikkje venta å få lege i reine senger.

Der var kvinnfolk og på møkebering, men eg veit ikkje om nokon frå Kvinesdal. Dette var eit arbeid dei ikkje tala om etterpå. Ein mann frå Jerstad sa at det var ingenting med arbeidet, men dei fekk allverdens hån og spott etterpå.

Dei måtte overnatta i uthus og fjøs. Her låg både kvinnfolk og mannfolk best dei kunne.

Det var 2 gutar frå Kvinesdal som overnatta i eit uthus ilag med ei jente frå ei av øyene ute i fjorden. Dei hadde lært å skriva alle tre, og det var ikkje vanlig for 100 år sidan.

Den eine skreiv seinare til jenta og baud ho ekteskap. Han fekk svar og ho bad han koma ut til Flekkefjord så dei kunne tala nærmare om bryllupet.

Då dei møtte kvarandre att, var dei fint oppkledde. Det første ho sa var:

«Æ dæ dæg eg skal gipta mæg mæ, eg trudde dæ va den andre som me låg ihop mæ på løa».

Dei blei gifte og fekk ein stor barneflokk, men alle reiste frå bygda etter dei blei vaksne, eller kom på kyrkjegarden.

Kona levde fleire år etter mannen var død.

Ho hadde biletet av mannen ved sida av senga. Ho fekk besøk og dei sa at ho hadde ein fin mann. Då sa ho at han var fin å sjå på, men dæ va et dred å leva ihop mæ.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *