Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Møkjal Solheim og ætti hans

Møkjal, som dei segja i Hol, eller Mikkel Solheim, var fødd og uppvaksen på Holto i Kvinnegardslien. I ungdomen hadde han vore handelskar og fare vide kringum. Då han kom til Solheim var det sju uppsitarar på garden. Han kjøpte jordi av alle og samla Solheim til ein gard. Møkjal var ein kjempekar. Han var til uvens med ein mann på Skarsgard i Vats. Skarsgardmannen hadde mange bror til hjelp, men dette skremde ikkje Møkjal. Ein gong Møkjal kom over fjellet frå Urdal gjekk han liksogodt inn på Skarsgard, klædde av seg noko og stod vermde seg fram for eldsmæle. «Eg har fare både land og strand Noreg rundt, og ingen har vunne på meg, so no rører du meg ikkje, du heller — Fante-Per!» sa han til uvenen sin og ingen torde røre han.

Ein av sønene hans Møkjal heitte Herbrand. Han var sterk og før som faren og åtte mykje jordegods både heime i bygdi og til fjells.

Eyvind Medhus, som budde lenger nord i Hole, kom ein dag ridande til Solheim og vilde jaga Herbrand frå garden. Det var styrkjen som gjaldt i dei dagar. Elles brukte båe desse karane kniven. «Pass kjæringi di, ho uveta», sa Øyvind. «Pass deg sjøl du og statt som ein kar!» svara Herbrand. Slagsmålet enda med det at Øyvind måtte på dør. Då han kom ut heiv han seg straks upp i ridesalen og sa: «Ja, når du er slik kar, Øyvind, skal me vera vener». Og vener vart dei ogso, der etter dags.

Sonen hans Herbrand heitte Møkjal, etter god-faren. Han var den fyrste på desse traktir som tok til med tamd rein. Og reinsdyrdrifti tok knekken på ‘n, som seinare skal bli fortald. Han leigde finnar til reingjatarar. Ein av desse gjatarane drukna der uppe i fjelli. Kona han let etter seg og dotter deira vilde so reise heim til gamle traktir på Røroskanten. Ein gong var desse tvo kvinnone innom hjå soknepresten på Ål. Presten spurde den unge gjenta um ho kunde «gjera åt».

Gjenta sette tvo knivar i veggen og tok til å mjølke desse knivane. Då ho hadde mjølka både lenge og vel, med’ presten stod såg på, sa ho: «No står dei det ikkje stort lenger». Og slik var det: Då presten kom i fjøset streid tvo kyr med dauen. Men for trolldomskunstine kom båe finnekvinnone i straff — gjenta og mor hennar, som hadde lært frå seg trolldomen.

Sidan her det vore same slekti på Solheim heilt til no nyleg. No er Solheim-garden ogso uppdelt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *