Kilde
Storflåmen 1938
og andre minner frå
Vågå, Bræbygden og Heidal
Jørgen Espelund

Klikk her for å lese firiordet i boka

Dølaringen Boklag 1988
ISBN 82-90072-34-1
Historien gjengitt etter spesialavtale med
Jørgen Espelund.

 

Molte og an bær.

Rikdommen i fjellet vårt…

Største gleda for oss gutonger på sætrom va når bær tå ymse slag tok te
å bli moden. Kanskje utta å gjeta någå um det åt di vaksne, ha oss sett
på flekkjer der moltkarten lyste raudare for kår dag. Dag for dag venta
oss på at molta skulle bli gulmoden, for da fyrst fekk oss lov te å
plukke.

Så va spenningje stor um kem som fann likaste bærtuvune. Vinningje va
like stor enten oss såg på det som glede eller nytte. Moltesoll med
feit og god sætermjølk va forkunnt målbyte i kvardagen. Herrekost som
ikkje alle fekk, enten det va sjå høg eller låg.

Ein ting ha eg kome i hog gjennom alle år sia: Det va ikkje ein einaste
sommar på 1930-talet utta at det va molte, meir eller mindre. Av og til
va det storår, så som 1935. Elles va det molte å finne i ein eller a'n
skort i di mange myrdragje ikring sætrin. Slik gjekk det sport i å
finne, og helst så ingen andre fekk greie på det!

Somrene ha ein heilt a'n karakter i desne årom. Det va ikkje det harde
draget som ha vorte meir og meir vanleg i seinare år. Dette er ikkje
berre nostalgi heller. Beviset har oss i at det va så mykje torevær.
Det va meire mildt og lummert i luften, slik at det ha lettare for å
bli torevær. Det høyrde til i ein retteleg sommar, sa di gamle støtt.

Um det elles va turt i været, kom det støtt gode regnskurer når tora
slo. Oss ongene lærde fort at tora var ei naturmakt som oss måtte ha
stor respekt for. Di vaksne fekk støtt eit ålvårsdrag over seg når det
budde seg upp til torevær. Når det myrkna til med svarte skyer umkring,
skulle alle halde seg innadørs, så sant det va råd.

Når fyrste eldingen glema, og tora tok te å rulle liksom longt og roleg
og langt onda, kjende ein seg trygg i selet. Verre va det når ho kom
nærare, smellene vart harde og tonge, såpass at huset skolv. Da steig
otten for um tora kunne slå ned, slik det ikke så sjeldan hende i
fjellet. Likevel, onge og gamle såg det som heilt naturleg, någå som
berre måtte vera slik.

Før i tid'n va folk meir underlagt lover og makter i naturen. Liv og
velvære stod og fall med dette. Derfor va det ikkje så rart um
respekten for alt dette va stor. Um nugun fann på å gjera fleip så som
med tora, fekk døm straks ei påminning som sat der for resten tå livet.
Aldri kjende desse enkle kvardagsfolk seg så støytte som når det vart
lagt for dagen vørdsløyse for naturmakter. Livsålvåret skein støtt
igjennom, um døm elles te vanleg va lettliva og gladvære.

I eitt og alt kjende ein pulsen i naturen umkring seg. Um nå tora
løyste regnet for ålvår, voks bekken som rann så nær selet at oss
kjende grunnen rista når han vart retteleg stor.

Slik skifta det frå linn sus te tong dur. Va stemningje myrk um
kvelden, vart ho da tess ljosare um morgån. Da vakna eg tå at ho Mari
sat og vatt separatoren og song i takt med den. Det va någå så inderleg
rofylt over dette. Ha været letna upp att, stod støtt døre ope, og solé
skein så varmt innover golvet.

Så va alt berre fryd og glede att. Da va de um å gjeran å få på seg
klædin snøggast råd. Eg visste at da va ikkje han Ola langt onda, for
nå fekk oss det travelt med å sjå ette kåless bekkjin ha ståka um
natten.

Aldri er landskapet vakrare enn når det renn yre små bekkjer millom
stein og kjørr. Småklukking frå småe bekkjer blanda seg med duren frå
di større, te eit harmonisk samspel. Den fine tonen og dåmen i naturen
kunne ein lesa sjå folk og dyr, som eit barometer.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *