Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

Mons-Greta

 

Ei lappkjerring som heldt til her i Beiarn, ei dei kalla MonsGreta, hadde evne til å sjå slikt som var burtkome. Dessutan var ho framsynt og spåkunnig. Um ho fekk skøa hendene åt eit menneske, kunde ho seia kor det kom til å gang det i livet.

Elles var denne Greta eit fredens menneske; og det gjekk ikkje uord um trollheit og slikt med henne.

Ein dag var ho komen i Moldjordfjøra. Der var nokre karar i ferd med å lasta ved i ein ottring. Som ho Greta stod der og såg på, sa ho: «A, no uheldi båt.» Men det var no ingen som ansa på det ho sa. Dei skipa seg til og for.

Fyrstpå ei tid hadde dei jamn vind og tolleg god bør; men lenger uti fjorden tok han til å bli meir ujamn og røsasam. Men medkvart var det dam stilt, so det var ikkje å få styring på båten. Eit tak dei dreiv på dette viset, visste dei ikkje av før ei vind rase slo nedover båten og trilla den over for dei. Mannskapet berga seg; men vedfarmen gjekk tapt.

So ho Greta fekk no rett, ho.

Ein annan gong hadde nokre ungdomar fått henne på trua og spått seg. Millom desse var det ein ung glunt. Ja, då ho Greta fekk sjå handa hans, berre ho rista med hovudet.

«A, no feskmat!»

Same vinteren gjekk glunten klar på Lofothavet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *