Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Mor-mor tala um ein utbor på Savjord

Eg veit ho mor-mor tala um ein utbor på Savjord (Beiarn). Ho hadde det etter sine foreldre. Og det var alt med dei stod i, at denne utboren var å vange; so du skynar det ber atti tida dette. Det må no heretter vera ei 150 år sidan. Og utboren høyrde dei i ein håg burtum husa. Fyrst det vart kvelden, og myrkt, tok dette barnemålet til å låta.

«Kittemor! Kittemor! føt’n e før lang, å dall’n e før trang; dafør må e opp å dains,» sa det.

Etter et ho mor-mor fortalde, skulde det vera opendaga kor denne utboren var tilkomen. Det var ei som hadde vore til terne på Savjord, ei som heitte Kristianna; ho hadde føtt i dølsmål, og umbore barnet. So hadde ho pakka liket i ein tredall, og denne skal ho ha skilt seg av med der i hågen. Ja, slik er det meg fortalt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *