Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”

Morgontrøytt

I aluminiumsbyen Høyanger går ei tralle oppå fjellet. Det er fabrikken som har bygd og disponerar ho.

For ei tid sidan reiste ein arbeidsgjeng med denne tralla opp tidlig om morgonen og ned att om kvelden. Ikkje nokon av dei som reiste var noko større pratsame av seg så tidleg. Det vart mest berre eit nikk med hovudet eller eit grynt som skulle tyda «God morgon» eller «Vel møtt».

Berre ein hadde ein ståande replikk som han av fyrte kvar gong tralla byrja å gå og alle var på plass:

«Trøytt og jævlig i dag?»

Dei andre svara berre ein geispand lyd:

«Ja—a—a—ha!»

Ein av arbeidarane hadde hunden sin med kvar morgon. Denne hunden hadde så ofte vore
vitne til denne vesle morgenscena at når replikken falt geispa han i lag med eigaren sin:

«Vo—o—o—o—v!»

At hunden reagerte såleis på setninga, frettest snart. Folk hadde moro av å freista, og med godt resultat. Hunden svara geispande kvar gong:

«Vo—o—o—o—v!»

Ein laurdags ettermiddag låg hunden og sola seg på trappa. Eigaren – som seinare har fortalt dette – sto inne og barberte seg. Vind¬auga sto ope, men han var ikkje synleg frå gata.

Då kom ein sterkt religios misjonsmann forbi. Han hadde og høyrt soga om hunden. Nå ville han sjølv ha syn for segn, men ordet djevelen ville han likevel ikkje ta i munnen sin i ei slik samanheng. Kva ville då folk tenkja?

Han spurte difor:

«Trøytt i dag?»

Hunden såg på mannen, men reagerte ikkje.

«Trøytt i dag?» tok mannen opp att.

Hunden såg berre framleis på han.

Då såg mannen seg ikring, men då han ikkje såg noko menneske, bøygde han seg godt innover grinda og sa med låg royst:

«Trøytt og jævlig i dag?»
«Vo—o—o—o—o—v,» svara hunden!

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *