Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

Moro i Haugesund

På jonsokaftå var det stor folkefest i Djupa-skar. Då brende ungdomen bål på Varafjelle og heile byen samla seg der. For ungdomane og gutungane var førebuingsarbeie lika gildt som festen. Lang tid i førevegen hadde dei kjøpt eller tigga te seg gamle ubrukelege båtar og tomme tjøretønner, som måtte på plass. Om kveldane samla dei seg, fekk tau i båten og tok tak så mange som det var plass te, i esingane og tauene. Så bar det opp gjenom gatene med stort fylgje og alle song:

Hu Siri ko-okte julagraut.
Hurra my boy’s, hurra my boy’s.
Og det var grau-aut som sto te gagns.
Hurra my boy’s, hurra my boy’s.

Fysste kvelden drog dei båten opp te sjukehuse (husmorskulen) og så kveld for kveld lenger opp. Det tok tid før alle båtane var på plass, men derfor var det så utifrå gildt. Klokkå ½ 12 blei veten tend og etterpå var det trekkspel og dans på vegen. Kaffikoner selde kaker, kaffi og brus.

Det var lika gildt i den litle byen då, som i den større nå. Me hadde så møkje moro ute på gatå. Der var verken bilar eller hestar i vegen. Om våren slo me ball, jepp, trilleband, topp, gjekk på stylter, lossa, knagga og spelte krokket med mab-liskuler i rennesteinane, — dei var ikkje steinsette då. Me måtte lura oss te å lossa, knagga og spela knivspel for det blei juling på skulen neste dag, visst læraren såg det.

Om somrane bada me. Alle bryggjer og sjøhus-dører var fulle av nakne guteskrottar — badebukså var visst ikkje oppfunnen då. Om vintrane skeiste dei yngste på myrå i Haraldsgatå mellom Torjå og Skjoldevegen, på Flotmyr og Lusamyr — dei største på Skeisvatne og dei sør i byen på Gina-isen og Fjellstemmen.

Når det var snø rann me, Sørhaugbådnå, på snøskeiser og ski av tønnestavar i bakken mellom Reiersen og Mat-Olsen (Veigner og O. J. Hanssen) lika ner te husene i Strandgatå. Det gjekk godt på tofler Og, helst når me hadde to tjukke jernstrengjer under kvar tofla. Å stå ner Skorvene (Breidablik) og Gravnes (bakom kjerkå) var eit karstykkje. Og såvorne kjelkebakkar som me hadde! Frå toppen av sjukehusbakken i Djupaskarsvegen kunne me renna te sjøkanten av Torjå — det var dei som rende utfor Og. Lebakken var møkje i bruk om kveldane, men han var farleg med dei krappe svingane og det var mange som slo seg vatn i kne der. Den beste var Djupaskar. Det var eit slit å få den stora krubbå mi på toppen, men nerfarten gav løn for slite. Og kjerkebakken (Haugevegen) var finfin.

Om vintrakveldane, når det var snø. sto kanar oppstellte på Landmannstorjå som bilane nå. Då var det råd å få ein tur med klingande bjydler byen rundt for lite penger.

Om våren kom her «mossebajassar». Det var turnerar og akrobatar, som synte kunstene sine ute på gatå. Dei gjore ein god gjerning for etter på sku gutungane gjera same konstene og det hadde dei godt av. Dei som såg på likte seg og gav i huå.

Der Sørhaugs bensinstasjon er nå og litt av mi bokbu var ein open plass som blei leigd vekk te skytebaner, vokskabinett, titteskop og karusellar. Den aller finaste som har vore i byen, var Palmers «Førsteklasses pariserkarusell». Han hadde ei lira som kunne høyrast øve heile byen. Palmer, Gerda (syster hans) og Ernst Wahlgren var svenskar og pene skikkelege mennesker. Han Ernst var så smellvakker at han sette alle pigehjerter i brann. Det grand lommapenger dei hadde, kjørte dei opp på karusellen, for då fekk dei sjå og snakka med han Ernst som selde billettar mens karusellen sveiv rundt. Dei sto ikkje høgt i kurs bygutane då.

Så var her sirkus. Rektige sirkus, med hestar og kunstrierar, både damer og herrar, linedanserar, klovnar og elefantar. Det hende dei gjekk reklameparade i gatene. Damer og herrar sto på hestaryggjene i trikot, som var pynta med sylv-og gullstas. Klovnar og dvergar Bjore kunster rundt hestar og elefantar. Det var eit syn, men berre ein prøve på all herlegdomen dei kom te å få sjå som hadde 25 øre te ein barnabillett om kvelden.

Ein skipper fortalde meg koss han ein gong fekk penger te billett. Han hadde 10 øre, men koss han sku få dei 15 som resta på billetten forsto han ikkje. Og så kom morå og hefte han vekk i funderingane, sende han på meieriet med eit toliters spann og 8 øre for å kjøpa ein liter skumma mjelk. Meierie var då der som Peder Storesund har butikk nå.

Det var ti’leg på våren og det låg ei snøfonn i rennesteinen utanfor. Han kjøpte mjelkå. Då han kom ut på troppå såg han mor mi kom nerøve gatå. Der kunne bli ein utveg te billett, han fekk ta vågna’en. Han gjorst på å snofla i snøfonnå så låke fôr av spanne, mjelkå i rennesteinen og han te å. belja og skrika. Mor kom springande: «Ka e det, Jakob»? «Eg datt og slo ner to liter søt mjelk» hiksta han. «Det va’ synd, men du må ‘kje skrika for det. Slo du deg»? «Nei, men eg slo ner mjelkå». «Ikkje gråt du Jakob. Her har du 25 øre, gå nå inn og kjøp på nytt, men sjå deg føre så du ikkje snoflar ein gong te». Han takka og kjøpte ein liter skumma mjelk for 8 øre. Nå var han berga, nå hadde han 17 øre attåt dei 10 og kunne koma inn på sirkuse.

Om kveldane dreiv ungdomane fram og tebars på stroke. Det var den tid i Strandgatå, frå Åsebygatå i sør te Tuhauggatå i nord, eller som me sa: frå byfut Nielsen te Simon Christiansen. Der møttest dei som møtast ville.

Var det basar i Totalen kunne dei unge kavalerane be damer med inn og spandera sjokolade og kaker, men elles var det smått stell med kafar. Det blei bedre då Erik Haaland i 1890 opna «Kaffehus» der Peder Storesund sin forretning er nå. Det var noke heilt nytt. Lyst, pent lokale, glassdisk, små bord og goe stolar. Der kunne me få smørbrød, heimebakte kaker, konditorkaker, kaffi og sjokolade. Frk. Ragnhild Haaland var ei pen og god vertinne. Det var alltid hugnaleg å koma der.

På Risøynå budde mange kjekke damer, som kom øve med Ola Flytt om kveldane. Ola hadde rodd heile dagen frå klokkå 6 om måråen og totte ikkje det var for ti’leg å slutta klokkå 9 om kvelden. Men risøydamene sine kavalerar (og ris-øydamene 6g, tenkjer eg) syntes det va’kje meining i å reisa øve med det same dei var komne, det måtte vel bli ei rå å setta dei øve seinare. Og så blei det te det. Men båteigarane lyste vondt øve det travapakkje som ikkje alltid våga seg å leggja båten tebars der dei hadde lurt seg te å lån-ta’an.

Ola Flytt var alle manns ven. Han var alltid i godlag og helste folk med å seia: «Det e godt og tjenligt ver»! Han og skulebådnå var sers goe venner. Når dei på Risøynå sku te eller frå skulen sette Ola seg i rongjå og let dei stella med båten. Dei rugga og rodde og song så det ljoma ut øve byen om hu Siri som kokte julagraut og då tott’an Ola det sto te.

Omkring 1880 opna madam Maren Elisabeth Jonassen ein kafe med kjeglebane på Litlasund, utanom byen. På skildte sto «Cafe Solheim», men te kvardags heit’an «Donderhoff», etter dondringjå på kjeglebanen. Hu hadde skjenkerett for øl og vin, men likevel blei det ingen forretning. Byen var for liten og kafeen for langt ute på lande.

Den 16. mars 1882 blei «Donderhoff» innvigd te Haugesunds barneheim og har seinare vore te velsigning for mange små. Det var fru Margrethe Kongshavn som tok opp dette arbeie med go støna av fru Petra Hervig, fru Christine Børseth og mange andre.

Eg minnest godt den fysste barneheims-basaren. Her var ein konditor Knudsen som bygde hus på hjørna av Strandgatå og Kaigatå (A. Myge har fabrikkutsale sitt der nå, men kjøpmann Svend Jacobsen åtte det i mange år). Der fekk dei halda basaren. Huse var ikkje ferigt ; men ville dei ordna opp, få vekk høvlasponen og alle bordendane som slong bortøve golve, sto det fritt føre å bruka det. Mor mi var med og rydda og kom te å trø på ein bordende som det var ein spiker i. Den fekk hu inn i foten og me bådnå blei heilt vetskræmde; me trudde hu kom te å døy. Det er vel det som gjer at eg hugsar basaren.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *