Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Mot brikst

Mot brikst har eg fått tre råder:

1) Les Fadervåret tre gonger. bakvendt.
2) Les denne bøna:

«Sankt-Olav reid i den
grøne skog,
fekk skade på sin
eigen hestefot.
Bein i bein,
kjøt i kjøt,
hud i hud.
Alt med Guds ord og amen.»

3) Ein kan og hogge for brikst. – Då set han som hev vondt i foten denne uppå ein hoggestabbe. So tek ein ei øks og hugg ned i stabben attmed foten. Han spør då:

«Kva er det du gjer?» 

Han som hugg svarar:

«Hugg brikst ut or led og ned i tre.»

Og so skal han spytte. Gløym endeleg ikkje det. Dette må gjerast uppatt tre gonger.

M. B.

 


 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *