Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Mot gikt og ryggplage

Gikta har i alle tider vore lei plage. Rådene har vore mange. Kloke menn og kloke koner har gje råder av ymse slag.

Fin mann i Soknedal var leit plaga av ryggvondske og gjorde alt han vart rådd til å gjera for å driva vondska ut. Men det hjalp lite. Alt i eitt måtte han i seng.

Ein haustkveld låg han i senga og ynka og jamra seg for murringa i ryggen. Ein gammal finnkall kom til gards.

Kallen sa at denne vondska visste han råd for.

–    ”Kjøp deg ein hundkvelp du mann. Ta kvelpen heim ein torsdagskveld, ber han tre gonger rangsøles rundt huset, legg han i senga attåt deg – godt innåt ryggen. Du skal bli bra kar.”

Dette vart gjort slik finnkallen hadde rådd til. Mannen vart kvitt ryggvondska, men den vesle hunden ville ikkje veksa. Han fekk kul på ryggen, vart krokføtt, bustet og utriveleg.

Det var synbart kvar vondska hadde hamna.

Ein annan stad gav same finnkallen denne råda:

–    ”Du får slå ihel katta di mann.”
–    ”Æ ho skuld i gikta da?”
–    ”Nei, men riv tå ho skinnet og legg det på gikta.”

Det vart gjort og gikta gav seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *