NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Møtte eit brurpar

Ein ungdom frå Ålen gjekk nedetter vegen i Svølgjen. Det var rundt 1880. Mannen var fødd i 1864. I ein sving fekk han sjå kar og kvinnfolk framfor seg i vegen. Dei kom til møtes med han. Eir vakkert par – så ut til å vera brurfolk. Da han kom så langt at han skulle møtt dei, var dei søkkt borte. Oppetter bratta kunne dei ikkje ha kome, og utfor var det bråbratt mur ut i Gaula som gjekk landfull og stri.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *