Internt referansenummer: 07.11.09 – A

Kilde:
GJEMNES-MINNE 2008

Muntre historier

Av Rolf Hindhammer

Både far og mor var dyktige forteljarar. I min barndom gjekk det mest ikkje ein dag eller kveld utan at eit eller anna vart fortalt. Det var sjølvsagt mest om det daglege strevet, men òg små historier som hadde gått på folkemunne i mange år. Slike historier hadde oftast slagferdige replikkar med litt muntert innhald. Det kunne vera fiskehistorier, jakthistorier, om jord og krøter, ja, om mangt og mykje som hadde hendt. Det var òg små forteljingar frå det religiøse livet.

Det kristne miljøet stod nokså sterkt denne tida, spesielt i Angvik-bygda. På Brakstadstranda, der eg budde, var vel ikkje møteverksemda særleg stor. Heime var trua ei naturleg sak, men eg opplevde aldri den pietistiske religionen. Dei var aldri fordømande over folk som ikkje trudde. Far var dessutan felespelar, og meinte ein fin slått var like bra som ein salmemelodi.

”Felemusikk har aldri vore noko synd i seg sjølv,” sa han far. Eg meiner enno han hadde rett i dette og er i dag svært glad for den rommelege oppveksten eg fekk. Dette var ein inkluderande oppvekst der òg dei gamle kulturelle tradisjonane vart teke vare på. Her vil eg fortelja nokre små, muntre historier der det sakrale og forkynnande vart blanda med det jordiske.

Ein sommar nokre år etter krigen, kom ein svær predikant til bygda. Han var ein retteleg flott kar, tykte eg. Tenk, han skulle òg halde andeleg samling i vårt eige, vesle nærmiljø. Første kvelden bar det til Brubæk-garden, for der var stort nok hus. Dei hadde to finstuer, og desse vart fort fylte med folk frå dei næraste gardane. Salmesongen runga så det mest vart for sterkt for ein 7-åring. Dette var ei stor oppleving!

Neste kveld var det ny samling på Brakstadskulen. Dette huset stod no tomt og høvde difor godt for slike tilstelningar. Det var gardkona, Ragnhild Brubæk, som opna salmesongen. Ho hadde ei overlag høg, fin stemme. Men så skar det seg heilt for ”gamlekarane”. Dei song svært skralt, og no vart det bråstopp. Desse basane klarte sjølvsagt ikkje følgje med opp på dei høgste tonane. Da reiser det seg ein kar og seier: ”Det sie e, at na songjen her må takast i eit lågar desibel, så vi karranj å kanj få søng ut!”

Ja, dette var eit møte med grasrota til stades, men predikanten glatta over og tok ein solosong. Den manndige stemma hans var høg og klår, og gitaren klang. Dette var kar som både visste og kunne alt om Jesus! Eg vart svært oppglødd, her låg vegen til himlen open! Nokre dagar etter hendte enda noko eg hugsar svært godt.

Predikanten hadde vore ein tur til Nesset, og kom ein dag attende. No stakk han innom i heimane. Hos oss var det full slåttonn, og mor og far dreiv med noko flathøy på ekra bak stabburet. Eg var inne saman med gamle Ingeborg. Ho heldt nett på å lære meg ei kattevise, da det banka på døra. Eg let opp, og der stod predikanten! Både Ingeborg og eg tykte dette var store greier.

Han ville gjerne halde ein andakt for oss. Gitaren kom fram, og predikanten stemte opp med ”Jeg er en seiler på livets hav,” eg trur han song alle seks versa.

Så heldt han ein gripande andakt, før han bad for oss og velsigna oss. Nærare Herren enn akkurat denne stunda har eg nok aldri vore. Dette var inderleg! Ingeborg orsaka at det ikkje var fleire til stades, men han forsikra om at vi verken var for få eller for små for Gud. Han tok oss i handa og gjekk.

Eg tusla opp på ekra til mor og far, alt rundt meg verka no så lite. Eg såg for meg Jesus som sat på høgre kneet til Gud, likeså såg eg store engleskarar.

Far hadde sett predikanten og ville høyre. Men eg tykte dette var for stort til å legge ut om i små detaljar. Her var det andre dimensjonar som rådde. Så kjem det: ”No væt e ka e ska bli når e bli stor!” ”Ja, det må vi jammen få vetta,” seier ho mor og ler. Da kom svaret dei aller minst hadde venta: ”E ska bli prest!”

Seinare fortalte far om ein gong det i hans ungdom skulle vera vekkjande møte på Knivskjenes-garden. Det fòr ein predikant med det svensk-klingande namnet Tore Sved. Han var berykta for dei lange likningane han dikta ihop. Det var dei som sa at denne karen heller skulle vore skodespelar enn emissær, for her stod det ikkje på fantasien. Far levde seg godt inn i rolla. Han trudde Sved var ein ærleg mann som i iveren tala seg bort.

Gardkona, gamle Jonetta, hadde gjort alt klart til den store hendinga, for dette vart sikkert ein gild kveld. Ho fyra godt i omnen, og folket strøymde på. Endeleg kom den berykta mannen. Han kleiv opp på ein stol, og alle måtte fram med salmeboka. Men allereide etter første songen vart det for varmt for han som stod oppe på stolen. Han tørka sveitten og pusta tungt. Ja, dette teikna til å bli litt av eit møte!

Etter ein tale med mykje stønn, kom den gode Sved til likninga si. No var alle spente, det var ikkje ein knett å høyre utanom han på stolen: ”Ha alle mannj vorte te en mannj, da vart det en stor mannj, o Herre! Vart alle trea te eit tre, da, ja da, da vart det eit stort tre, o Herre!” No kom det meir famlande, og dei knepte augelokka skolv: ”Ha alle økse vorte te ei øks, da vart det ei stor øks, o Herre! Vart alle vatna te eit vatn, da vart det eit stort vatn, o Herre!”

Her drog predikanten fram den store lommeduken og tørka sveitten att. Folka såg på kvarandre, korleis ville dette ende? Han skjøna nok at han no hadde rota seg litt ut på viddene, for dette hadde vel lite med Jesus sine likningar å gjera. Så kom konklusjonen, her tok han seg retteleg på tak: ”Men tenk om ’na stoor mannj, tok ’na stoor øksa, og hogg ne ta stoor treet, å ja —–, så det datt nerri ta stoor vatnet, ja da —–, da villa det bli eit susen og eit brusen, o Herre!”

Da følte Jonetta, husets frue, at andakten vart for jordisk og gjekk for å opne glaset. Med høg røyst sa ho: ”No ha’n pretikant Sved vorte så sved at e trur vi må ha oss en pause!” Seinare vart predikanten av fleire nemnt som Tore Sveitt!

Til sist tek eg ei lita historie om ein dei kalla Isak-Ola. Dette var ein mann som det før vart tala mykje om, da han bestandig hamna borti ting som var litt på kanten av det vanlege. Ein må vel i dag på godt norsk helst nemne han som ein bygdeorginal. Folk sa Isak-Ola var ein analfabet, noko han sjølvsagt aldri ville innrømme. Men til slutt røpa han seg til gangs.
No hadde det seg slik, at Isak-Ola òg ville byrje på eit betre liv. Det var mange som fortalte om kor gildt det var å høyre Guds ord i kyrkja.

Neste prekensundag tok han mot til seg og vart med. Men i farta hadde han teke feil av salmeboka og almanakken. Denne tida hadde alle eigne salmebøker.

Så kom den store stunda, og kyrkjelyden stemte opp med ”Herre Gud, ditt dyre navn og ære.” Dette kom brått på den nye kyrkjegjengaren, men han drog fram almanakken og song så alle måtte høyre han. Da var det nokon som snudde på hovudet og såg. Der sat Isak-Ola med almanakken høgt heva snudd opp ned. Det vart sjølvsagt litt glising blant rekkene, da dei såg dette ”underet”. Da songen var slutt, la han det vesle heftet saman og sa: ”Ja, ta der va ei go bok!”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.