Internt referansenummer:B-000016
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen III
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 71
OSLO 1953
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”

Sjuker. Åtgjerder


Sjuker har det stødt vore nok av, og råder for dei har det heller ikkje vanta. Somt har hjelpt, og somt ikkje, og så har det vorte, før som nå, at ”somme har levt all si tid, og somme har døydd når tia kom”.

Muru

Det er somme som er stygt plaga tå muru'n med' dei søv. Det er reint som det står om livet med dei. Og da læt det oftast ilt i dei. Er det da nokon i kring som kan nemne døypenamnet deira, vil muru sleppe dei.

Ei rå' for muru'n er å lesa denne bøna med same ein legg seg:

«Muru, muru, minne,
er du her inne
så skal du ut.
Alle jordfaste steine skal du løyse,
og alle krokete bjørker skal du rette.
(Ringbu.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *