Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Musken var uppnamnet på ein skomaker

Musken var uppnamnet på ein skomaker i Hemsedal. Han var mykje på arbeid i Leveld og der vart han ogso trulova med ei gjente. Ein gong kom han på nattefriing til gjenta si, banka på loftsdøri og kom seg inn. Men huvud stups etter kom nokon glankarar som banka på, og dei slapp ogso inn. Dei hadde just set «Musken» gjekk inn i loftet, men alt dei leita, fann dei han ikkje. — «Då sat eg på taket, eg», sa han, sea. Men korleis han var komen der, skyna ingen. Når nattlauparane hadde Musken med seg turvte dei ikkje, bry seg med å banke på loftsdøri eller rope på hjå gjentone. Han heldt berre luva for augo ei stund og so sprang døri upp av seg sjøl; det stod inkje lås for han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *