Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Mykje rart ved Litl-Gjeddåga…

 

Ved Litl-Gjeddåga har dei og vore ute for mykje rart. Soleis var det ei kjerring frå Larsos som kom gangande der. Det var på hausten dette, og høveleg skymt var det.

I den tida var det ikkje kome upp bru der, det var berre nokre stokkar lagd over. Ja, då kjerringa var utpå stokkane, snerra det i å ropa attmed.

«Kvar ska vi slå? Kvar ska vi slå?»
«Slå i føt’n! sa det frå andre sida.

Kjerringa marka ikkje noko slag, men skikkeleg skræmd det vart ho. So um kvelden, etter ho var lagd, fekk ho det med slikt rensel i eine foten. Ho leit på det var eitkvart lite som vilde gang over av seg sjølv. Men um morgonen var foten verre og ikkje betre. Det hadde set seg vondskap i, so foten var hoven og fæl. Det bar no til å dokterera, og dei prøvde både det eine og det andre. Men det vart ingen framgang for henne, so kjerringa kom til å få plagast med foten all sin dag (Beiarn).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *