Internt referansenummer: 16.11.10 – A
Kilde:
LIFJELL I FARNE TIDER
Ei kulturhistorisk bok i samband med 20 års jubileet for Lifjell grunneigarlag
Av: HALVOR SEM
LIFJELL GRUNNEIGARLAG HEDDAL 1983
ISBN 82-991086-0-8
Teledølens Boktrykkeri, Notodden
(Klikk her for å lese ”Forordet” skrevet av Reidar Skår)
(Klikk her for å lese ”Innleinga”  av Halvor Sem)

Myljom-Haugen

u/Hustveit 70-2. «Uppigar»

(Husmannsplassane på Vestsida i Heddal og innover mot Lifjell)

MYLJOM-HAUGEN u/ Hustveit 70 — 2. «Uppigar». I 1801 bur Hans Hansen på plassen som husmann. Han er da 40 år og gift andre gong. Kona hans, Thore Andresdotter er 30 år. Dei har to born Aagoth 8 år, og Anne 1 år. Marjet Jonsdotter, 60 år og enke, bur på plassen som innerste og driv med handarbeid. I nyare tid veit ein at bestefar til lærar O. T. Haugen budde der. Han heitte Andres Haugen (1840-1916) og kona Ragnhild. Andres var skomakar. Plassen vart seld frå i 1921. Kittil Klyberg budde på Myljom-Haugen ei tid som enkemann. I dag er Sondre Berget eigar av Myljom-Haugen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *