Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

NÅ VAR DU GODE, MÅRTEN!

Mårten i Ura frå Eiken var til byen og hadde med seg 10 dalar. Då han for heimanfrå, tala han med seg sjølv og sa:

«Kann du nå vera slik kar, Mårten, at du greier å gå forbi bolaget i byen, så er du jamen god.»

Mårten kom til byen og tråva framom bolaget au, men då sundde han tilbake og lo med seg sjølv:

«Sidan du hev vore slik ein god kar, Mårten, skal du riktig ha ein dram.»

Så gjekk han og kjøpte brennevin og drakk opp alle reisepengane sine.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *