Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Naar det kom varme laus…

Naar det kom varme laus, so kunde brjostmjølk døyve varmen. Men stundom raaka det at brjostmjølki heller ikkje muna. Men so fanst det serskilte folk som kunde ganga upp linur, som ikkje varmen kom yvi.

Gunleik Øyslebø i Sauland var ein slik ein.    Ein sumar vælso hundre aar sea var det skogevarme i -Grunningsdalen. Der møtte fram i hundre-tal med folk, som freista aa sløkkje, men alt var faafengt, varmen spreidde seg meir og meir og vart seinstpaa so andorskeleg, at folk stod reint raadville, og det saag skræmeleg ut for bygdine ikring. Daa reiste dei til Gunleik Øvstebø og naudbad honom um hjelp. Men han stad-nekta, og sa at sovore vilde han ikkje taka seg til med, for det kosta honom meir enn folk trudde og skyna, og det hjelpte ikkje alt dei lova i bitaling. Dei var til honom gong paa gong og tagg og tryggla, og daa det hadde brunni i fleire dagar og ingi hjelp muna, so tottest han sjav au, at det saag altfor ulikeleg ut og laut daa, so naudig han var, hjelpe dei. Han kom daa og gjekk upp linur i skogane, der varmen herja, og yvi fote-fari, der Gunleik hadde gjengi, vann ikkje varmen aa koma. Midt i briskeholti, der han hadde fari, kom ikkje varmen, ikkje so mykje som ein gneiste kunde fengje utanfyre lina. I mange herrens aar etter var dei synlege i skogen fotefari etter Gunleik.

«Detta æ saa sant som dæ kan vera aa bli; Taaraal Engjegrafslia i Souland fortaalde dæ mæ sin egjen kjeft,» segjer Torstein Brubakken.

*     *     *

Gamle-presten, Hans Landstad i Selgjord, kunde au sløkkje lauseld. Ein kveld kom det varmelaust i smidjo paa Øvland. Presten saag til detta heimanfraa, og kom ridande til Øvland i berre skurta og broki.

«Aa er det bare smien som brenner; jeg trodde det var hele gaarden, jeg,» sa han, «da hadde jeg vel maattet brukt en raad.»

So reid han rundt dei andre husi.

«Nu kan de være trygge for at ikke varmen kommer videre og tænder husene,» sa han; og so reid han heimatt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *