Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Nåljos

Kring 1818 for to båtar frå Osnes på langefiske ut um Djupet. Det var tett før jul. Det rauk upp ein svær storm med snøkave attåt. Båtane måtte «gå undan», og det bar då nordover med dei. Ein kom inn til Haram, men den andre fann ikkje land før ved Smala, Men då låg to mann ihelfrosne i båten. Men folk på Osnes visste at dei var feige, for dei hadde sett nåljos trille nedover dei som gneistar med same dei tok laust heimanfrå.

Ved Andreas P. Osnes. 1937.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *