Internt referansenummer: 12.07.2011 – BOK
Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”


Namnet Torvik kjem av at her budde ein Tore…

Namnet kjem av at her budde ein Tore, han hadde ein bror Dys på Sætre. Dei gamle trudde at ned på ei reine som heitte Myralogga, spøkte det. Det seiest at Ulvestadelva gjekk forbi Gullbringhaugen og ned her. Då det vart grave i Myraloggja, fann dei nokre stålmolar som liknar pilspissar. Før var her ein leikevoll. I Stigen er ei røys som ikkje er oppkarta. Det er ei gravrøys. Mora til Torvik-Sivert fortel at det var såvidt at ho kunne minnast der kom nokre danskar og spurde etter kvar dei var kjempegravene i Torvikja. Dei fekk sjå ein plass som heitte Torsgrava. Alle kjempegravene skal ligge utanfor Torvikelva. I Torsgrava fann dei ei kiste med gull. Der var ein løyndegang som var hellelagd i botnen, og på sidene var reist heller. For den eine enden var muren av eit korshus, og for nedste enden var reist ei helle som låg mykje småstein på, og der var brent. Då Hans Velsvik braut opp ein åker, fann han 13 sylvringar. Ned på Myraloggjene grov han opp sju graver. Her vart ikkje gjort funn. Her var berre mold. Hans fann her ein tilemna stein som såg ut som ein sopp. Han slo sund steinen og hadde han i ei veite. Det var so fine gårar i steinen at han kløyvde seg opp i små fine flate skiver.

Bortanfor elva er ein plass som er kalla Nobba-Knut-plassen. Der stend att murane og fjøshella etter han. Då bestefaren var liten, hadde dei ei jakt som dei seglde til Bergen med. Og då var Nobba-Knut med. Han kjøpte seg nokre kringler og so hadde han no turen. Knut selde plassen og flytte seg ut på Nautøya i Herøy på sine gamle dagar.

Oppmed fjøsane oppå Gjerdet var ein gammal buplass. Der var ei masse små tuver som såg ut som maurtuver på storleik. Då det vart grave i det, var det i kvar av disse ei rund hole ned i leiren. I ei av desse holen låg to heinar parallelt nedlagde av folkehand.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *