NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Nattlosji hjå Lisbeth Nypan

Ein kar frå Ålen kjørte lass frå byen. Han kjørte ut på ettermiddagen og tenkte natta over på Leinstrand. Lasset var tungt og hesten var gammal. Mannen kom til Lisbeth Nypan og spurde om nattlosji. Jau da, det skulle han få. Han skulle berre setja hest og lass inn i eit rom i uthuset som Lisbeth peika ut for han. Men da han kom inn med hesten var det så fullt av svarte sauer der at han mest ikkje fekk inn hest og lass. Karen gjekk da inn og sa til Lisbeth at han var redd
at hesten skulle trø på sauene.

Berre la hesten stå du, itte gjer dyra mine sakene dine noko lell. Det går fint skal du sjå. Og det gjekk bra.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *