Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Naturmakter (Flo og fjøre)

 

Ein måtte passa vel på kva tid det var flo eller fjøre sjø. Det var mange slag arbeid som folk trudde lukkas best ved flo sjø.

Det er ei velkjend tru at då er det lettast å barbera seg. Ein skulde ogso slakta ved flo sjø; for elles vilde ikkje «sveitten» (blodet) renna av dyret, og elles vart ikkje kjøtet so godt. Ogso det fyrste såkornet måtte beras ut «på flo’n».

Ein stad heitte det:

«Dei måtte slakta ved flo sjø og i vaksan. Då vart maten dryg. Då svall flesket ut når dei kokte det, so det gjekk ut over svordkanten. Og når dei kokte kjøtet, svall det ut, so det gjekk ut over beinendane. Men var det slakta ved fjøre sjø og i tverran, krympa maten i hop. Flesket drog seg i hop, so svorden gjekk ut over fleskekanten, og kjøtet drog seg attende frå beinendane.»

Ein annen stad vart det sagt:

«Dei skulde slakta når flo-vatnet rann ut, for då rann blodet lettare av slaktdyret. Ein ser ogso på kobbeskinn, t. d. på veskor og kuffertar, at håra reiser seg noko når (lovatnet stig; men dei legg seg glatt nedtil når sjøen fell.»

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *