Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Naturmakter (Månen)

 

Månen hadde verknad på veret, trudde dei. Serleg ved nymåne var det lett til å bli verumskifte. Difor gjekk dei ogso stødt og passa so vel på kva dag det skulde bli «nytt», anten i otte for styggever eller i von um godver.

Men «laudagsmån» (nymåne på ein laurdag) var ikkje velkomen. Det er eit ordtak som gjev uttrykk for det:

«Ho vilde heller ingen måne ha enn ein laudagsmåne, sa kjerringa».

Eit anna ordtak um laurdagsmånen er dette:

«Bynnes laudagsmånen god, skal han ogso bli god. Bynnes han «ful», skal han ogso bli ful» (fulver = styggever).

Dei tala mykje um «vaksan» og «tverran». Tida millom nymåne og fullmåne kalla dei «vaksan», men tida fra fullmåne til nymåne var «tverran». Eit arbeid lukkas alltid best når det var påbyrja i vaksan.

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *