Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Naturmakter – (Sola)

Sola var dei gamle svært glade i. Det var den naturmakta som best av alle hjalp dei i det harde arbeidet for levemåten. Difor ofra dei ogso åt sola.

Sume stader var det sedvane at fyrste gongen sola skein på veggen etter nyår, skulde nokon gå stad og smyrja smør på den flekken ho skein på. For den tida sola kunde tala, sa ho:

«Eg har skine over so mange syndarar; men enno har ingen velsigna meg.»

I gamaltida tala folk mykje um «soldropane». Den fyrste dagen um våren då sola skein so varmt at det draup av taket, var reint som ein festdag. Då såg folk at vinteren var umme att. Den dagen smurde dei smør tett attmed døra på den veggen som vende mot sola. På sume gardar, er det fortalt, hadde det etter all denne smyrjinga år ut og år inn til slutt samla seg eit tjukt feittlag på veggen.

Dei passa sjølsagt vel på kva dag dei såg dei fyrste soldropane. Den dagen var det trettan vikor att til dei skulde få byrja å pløgja.

Det var helsebot i dei fyrste soldropane. Dei var liksom vigsla av sola og vart uppsamla på eit glas og brukte til medisin.

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *