Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Naturmakter (Tora)

Dei likte godt at tora slo um sumaren. Når dei ikkje høyrde tora i det heile, vart det jamt ringt år, anten skinår eller grønår.

Dei passa ogso på kva leid dei høyrde tora den fyrste gangen, for det var varsel korleis veret skulde bli utetter sumaren. Når tora slo i sør eller aust, skulde det bli godver. Slo ho i nord, skulde det bli kaldt. Men høyrde dei ho i vest, skulde det bli mykje regn.

Når lynet hadde slege ned ein stad og gjort skade og øydeleggjing, sa dei at der hadde «tolbolten» (torebolten) vore på ferde.

«Tolsteinan» (toresteinane) var nokre runde, kvite steinar som folk trudde kom dettande ned frå himmelen. Ein mann fortalde at far hans hadde gøymt på ein torestein. Det var ein liten rundvoren, kvit stein som han hadde funne ute på åkeren, og som han påstod hadde falle ned frå himmelen under eit torever. Og denne steinen gøymde han på; for han trudde han hadde kraft til å verna mot lynet.

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *