Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Nedgangshola attmed sjøen paa Hellestø

Nedgangshola heiter ei hola som ein finn i eit fjell digt attmed sjøen paa Hellestø i Haalands-kallet. Ein kann koma inn i den hola gjenom eit hol høgt uppe i fjellet. Holet er trikanta og so vidt at ein mann nett so vidt kann koma nedigjenom. Trør ein so varlegt paa humparne i fjellveggen, so kann ein naa ned til botnen. Der kjem ein i ei firkanta stova som er paa lag 5 alner i kvar kant. Det er skumt der nede, so ein lyt stadna eit bil, so augo kann venja seg til myrkret. Daa ser ein so mykje at ein skrimslar tvo hol som gjeng inn i fjellveggen, eit i den øystre kanten og eit i det sudvestre hyrna. Dette siste er so stort at d’er nett so vidt ein mann kann krjupa igjenom. Daa kjem ein i ei ny fjellstova som ikkje er fullt so stor og litevetta avlang. Hev ein mod til aa sjaa seg um i ein gamall huldreheim, so skal ein krjupa inn i det holet som er paa Øystre kanten. Daa kjem ein rett som det er inn i smaae kovar, og naar ein held fram lengje nog, so naar ein fram i dagen mest nede i dalbotnen.

Der hev vore mange segner um denne holo. I gamle dagar skal der ha halde seg sjørøvarar. Ein stad kann ein sjaa at dei hev havt kjøken; der er svart og ser brent ut. Ein gong fyr mange herrens aar sidan daa dei fyrst fann denne hola, fann dei mange pengar der, vert det sagt. Um dette er so, kann eg ikkje visst segja; men eg fekk inkje, det veit eg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *