Internt referansenummer: 01.10.2010-A

ilde:
GJØMT, MEN IKKJE GLEMT- DET HENDE I EI TRØNDERBYGD
Av:
Sturla Brørs
Utgjeve og prenta av:
Rune Forlag, Trondheim 1980
ISBN 523-0230-0

Nekolae Vassmoen

 

Det var andre og som vart sterke av mager kost, han Nekolae Nilsson i Vassmoen t.d. Han var husmann der. Her skal du høyre om kor sterk han var:

Han sat ein dag inni stua si bortmed vindauga og åt og såg ned på Øyungen. Det var 3 karar nedmed der som heldt på og sleit og skulle dra opp på land ei ferje — det såg ut for at dei greidde det ikkje — ho var vel for stor og vass-tung? Da for han Nekolae i treskorne, han fekk det så brått at det vart berre den eine, og med den andre treskoen og ei potetkake i handa humpa han i veg ned over bakken mot vatnet. Karane vart ståande berre og glo på han — med han hogg tak i ferja — og drog ho opp åleine.

Han arbeidde på glasverket på Åsneset, han Nekolae og alle der fekk syn for at han var sterk. Men kor sterk? Glasverkstyraren, Fuggelsang, baud han ein dag ein hundrekilos mjølsekk fritt, utan betaling, dersom han greidde å bera han på ryggen den veglause halvtanna mil lange vegen ut til Vassmoen. Dei trudde det var umuleg. Men han Nekolae trong mjølet, og han lirka sekken opp på ryggen og la i veg. Og jammen greidde han det! Du kan tru han Fuggelsang vart lang i maska!

Han vart ute for ei ulykke, han Nekolae. Han var med og lasta og lossa frakteskutene på Åsneset, og ein dag var han uheldig og fekk kalk utover seg og i augo sine. Og så vart han blind.

Da kom han på legd. Og døydde som legdslem, 62 år gammal.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *